Bransjestemmer
Resultatene fra forsøkene viser at biorest har gitt avlinger over eller helt på høyde med en blanding av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Foto: NLR Vest.

Biorest som gjødsel

Biorest har gitt gode avlingsresultat og kan gje klimagevinst og inntekter, men den kan òg gje utgifter/meirarbeid og forsøpling.

Husdyrgjødsel er ein ressurs. Det gir næringsstoff til plantane, tilfører organisk material til jorda og betrar jordhelsa. Det kan likevel vere eit klimaavtrykk frå gjødsla; enten som tap av næringsstoff ved at den vert nytta feil eller gjennom tap til luft frå gjødsellager (metan, lystgass eller ammoniakk). I biorest er mykje av metanet teke kontrollert ut gjennom opphaldet i reaktoren og metanpotensialet som er att i massen går ikkje så lett tapt sidan det er mindre tilgjengeleg næring att i bioresten for dei metanproduserande bakteriane.

Bioresten er produsert ved en forsøksreaktor ved NMBU. Foto: NLR Vest.

Husdyrgjødsla er «bondens gull» og leverer næringsstoff til plantane og mat til mikrolivet i jorda. Skal bonden levere frå seg denne og ta i mot biorest stillast det store krav til bioresten.

Norsk Landbruksrådgiving Vest har i to sesongar prøvd ut biorest frå storfegjødsel og matavfall. Bioresten er produsert ved ein forsøksreaktor ved NMBU. Analyse av bioresten syner at det er litt høgare innhald av nitrogen samanlikna med normtal for storfegjødsel, men at delen som er plantetilgjengeleg berre er litt høgare. Innhaldet av fosfor er litt lågare enn normtala, medan innhaldet av kalium er litt høgare.

I forsøket er bioresten samanlikna med tilsvarande mengde næringsstoff gjennom husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Bioresten var homogen, men danna litt botnfall. Det var ikkje synleg plast til stades.  Resultata frå forsøka syner at biorest har gitt avlingar over eller heilt på høgde med ein blanding av husdyrgjødsel og mineralgjødsel.

Det er òg gjort forsøk med biorest på Nordvestlandet og i Lofoten. Desse forsøka har samanlikna biorest frå husdyrgjødsel og oppdrettsslam med «rå» husdyrgjødsel. Resultata er interessante og syner at også denne bioresten har gitt gode avlingsresultat.

Foto: NLR Vest.

Separering av biorest vil gje moglegheit for å designe ulike gjødseltypar til ulike formål. Dette vil gje større gevinst for bonden og klimaet ved at det erstattar mineralgjødsel (som er framstilt av fossil energi). Den fosforrike delen vil ha mindre volum og dermed lågare transportkostnadar samanlikna med både den opphavelege bioresten eller rå husdyrgjødsel.

Det er likevel nokre utfordringar knytt til kor stor mengde ein kan nytte av biorest. Dette vert regulert gjennom «Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav». Innhald av fosfor og tungmetall i bioresten samt innhaldet av tungmetall i jord har betydning for mengda som kan tilførast. I dei husdyrtette områda i Norge er det ofte høgt innhald av fosfor i jord, og eit høgt innhald av fosfor i biorest vil kunne avgrense mengda. Innhaldet av tungmetall i substrata som går inn i anlegget har betydning samt innhaldet i den ferdige bioresten. Skal ein kunne nytte biorest i større mengder enn ein nyttar husdyrgjødsel i dag må bioresten tilfredsstille krava til klasse 0 i forhold til innhald av tungmetall. Motsatt kan tungmetall føre til at biorest må nyttast i mindre mengder enn husdyrgjødsel i dag og dette vil gje økonomiske tap for bonden.

Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

Siste nytt fra Biogassbransjen.no

Omsetningskrav for resirkulert fosfor – en interessant mulighet

Øyvind Birkeland, BIR Voss Hardanger AS
Jens Måge, Avfall Norge
Nyheter fra Small Step Media nettverket
Kommersielle partnere
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.