HR-rådgjevar

Folka våre er det viktigaste!

Er du den som vil hjelpa oss å rekruttere dei beste hovuda og hendene for å kunne etterleve dei nye krava som blir stilt til bransjen? Det går føre seg store endringar innanfor gjenvinning- og avfallsbransjen, og då er det viktig med dei rette folka på rett stad. Vi er på leit etter deg som kan tiltrekke, rekruttere, behalde og utvikla våre medarbeidarar. Søk på jobb hos oss og du vil få spele ei sentral rolle i det grøne skiftet og overgangen til sirkulær økonomi.

Kven er du?

Vi søkjer ein HR-rådgjevar som har interesse for bransjen og overgangen til det grøne skiftet, og som vil være med på å gjere ein forskjell.

Slik vil du jobbe

Endringane i bransjen føre til stor etterspørsel etter kompetanse på fleire utdanningsnivå, så du vil få ansvar for rekruttering innan varierte fagområde. Ei sentral oppgåve vil være å følgje opp arbeidet bransjen sjølv har satt i gong for å heve kompetansen og rekruttere fleire tilsette.

Som HR-rådgjevar vil du støtte og hjelpa leiarar innan HR-relatert arbeid, som personalsaker, onboarding/offboarding, oppfølging av sjukefråvær, tariffavtale og rekruttering. Ein viktig del av jobben vil være implementering og oppfølging av strategimål knytt til arbeidsmiljø, kompetanseheving og rekruttering. Du vil også få ansvar for å etablere ein rekrutteringsstrategi, lage handlingsplanar og følgje opp denne. Dette er ei nyoppretta stilling og vi vil kunne tilpasse arbeidsoppgåvene etter dine erfaringar, ønskjer og kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning

  • Erfaring innan HR-arbeid

  • Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter

  • Erfaring med kompetanseutvikling

Vi tilbyr

  • Trygg jobb i ein trygg bransje og ein arbeidsplass i vekst

  • Konkurransedyktige vilkår og KLP pensjon

  • Fleksible arbeidstidsordningar etter avtale med kollegaer

  • Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap

  • Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt

Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med HMS/KS-Sjef Karoline Høyvik 471 57 671 eller Økonomisjef Bodil Øvrtveit 909 56 898.

Lurar du på korleis det er å jobbe i Sunnfjord Miljøverk? Les om Karoline og Lennart som fekk draumejobben hos oss!

Om stillingen
Søknadsfrist: 13. mars 2023
Ansettelsestype:
Stillingsbrøk:
Arbeidssted: Einestølen, 6815 Førde
Om selskapet

Sunnfjord Miljøverk IKS

Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte. Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.
Adresse: Kloppstadvegen 310
6815 Førde
Kontaktinformasjon

Karoline Høyvik

HMS/KS-Sjef
Mobiltelefon: +47 471 57 671

Bodil Øvrtveit

Økonomisjef
Mobiltelefon: +47 909 56 898.
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.