Foto: Sunnfjord Miljøverk IKS

Dagleg leiar – Sunnfjord Miljøverk IKS

Vi skal tilsette ny dagleg leiar i eit selskap som tilbyr løysingar verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet. For å klare det, treng vi ein samfunnsorientert, trygg og tydeleg leiar, som kan sikre kostnadseffektiv drift og vidareføre verksemda i tråd med vår strategi.

Vi ønskjer oss ein dagleg leiar med praktisk sans, god forretningsforståing og gode sosiale eigenskapar. Vidare ser vi etter ein relasjonsbyggjar med gode samarbeidsevner som kan motivere og inspirere medarbeidarar.

Har du høgare utdanning og dokumentert leiarerfaring? Det likar vi. Erfaringa er gjerne frå stillingar som ligg i grensesnittet mellom offentleg og privat verksemd, då god rolleforståing vil vere viktig for å lykkast.

Gode kandidatar må ha evne og vilje til å utvikle både seg sjølv, medarbeidarane og bedrifta i eit lengre perspektiv. Vi ønskjer oss søkjarar med ein leiarstil som evner å nytte og utvikle kompetansen hos dei tilsette. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner overfor ulike partar både internt og eksternt er ein føresetnad

Nærare opplysningar om stillinga blir gitt av Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. +47 975 59 058 eller Ole Petter Bratteberg tlf. +47 975 59 036.

Søknadsfrist: 20.11.23.

All uformell kontakt med Mercuri Urval blir handsama konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.

Om stillingen
Søknadsfrist: 20. november 2023
Ansettelsestype: Fast ansettelse
Stillingsbrøk: Fulltid
Arbeidssted: Sunnfjord
Om selskapet

Sunnfjord Miljøverk Iks

Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) er eit interkommunalt renovasjonsselskap skipa av kommunane Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Førde, Jølster og Naustdal. SUM har ansvaret for all renovasjon og alle septikanlegg i eigarkommunane. Vi har hovudkontor i Førde og driftar sorteringshall, deponi og 6 gjenvinningsstasjonar i eigarkommunane. Vårt overordna mål er å gjere avfall om til ressurs. Vi skal vere ein aktiv og nyskapande aktør som samarbeider, utvikler og tilbyr lokalsamfunnet dei beste berekraftige løysingane.

Adresse: Einestølen
6815 Førde
Kontaktinformasjon

Gro Reinertsen v/ Mercuri Urval

Mobiltelefon: +47 975 59 036

Ole Petter Bratteberg v/ Mercuri Urval

Mobiltelefon: +47 975 59 036
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.