Foto: Nordfjord Miljøverk Iks

Ledig stilling som servicemedarbeidar/sjåfør

Vi søker etter ein ny kollega ved vår hovudkontor i Eidsmona på Sandane, med hovudoppgåve som sjåfør på servicebil og ansvar for lagerstyring. I tillegg vil oppgåver knytt til våre gjenbruksstasjonar vere ein del av stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Serviceoppdrag for dunkrenovasjon i Nordfjord med servicebil, som t.d. utdeling, byting og reperasjon av avfallsbehaldarar, utlevering av sekkar til plastemballasje og bioposar

  • Ansvar for varelager av avfallsbehaldarar og utstyr, bioposar og plastsekkar m.m.

  • Reperasjon, vedlikehald og reinhald av avfallsbehaldarar

  • Avvikshandtering etter interne retningsliner

  • Ordinære driftsoppgåver på gjenbruksstasjon og andre oppgåver knytt til dagleg drift

Vi ser etter deg som

  • Er serviceinnstilt og klar for nye utfordringar
  • Er påliteleg, nøyaktig og strukturert
  • Jobbar sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet
  • Har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr
  • Har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førarkort klasse BE

Søkar som ikkje har truckførarbevis må ta dette ved tilsetting.

Vi tilbyr

Arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje med sjanse å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag saman med gode kollega. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får du ved å kontakte driftsleiar Frode Denk tlf. +47 915 31 042 eller sjå nomil.no.

Søknad og CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «Servicemedarbeidar».

Søknadsfrist: 20. oktober 2023.

Om stillingen
Søknadsfrist: 20. oktober 2023
Ansettelsestype: Fast ansettelse
Stillingsbrøk: Fulltid
Antall stillinger: 1
Arbeidssted: Sandane
Om selskapet

Nordfjord Miljøverk Iks

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.

Adresse: Eidsmona 36
6823 SANDANE
Kontaktinformasjon

Frode Denk

Driftsleiar
Mobiltelefon: +47 915 31
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.