
Vil du bli med på å bygge en bærekraftig fremtid? Vårt nye biogassanlegg trenger fagoperatører!
BIR Ressurs søkjer no etter bemanning til biogassanlegget som er under oppføring på Voss. Her er moglegheita til å ta del i oppstarten av eit nytt anlegg. Vi søkjer deg som vil vere ein pådrivar for at dette anlegget set ein høg standard for drift av biogassanlegg og ønskjer å vere med på å løfte ein grøn bransje i vekst. Som fagoperatør vil du oppleva stor grad av ansvar, og det blir forventa deltaking i utvikling av rutinar og løysingar for drifta av anlegget. Du vil inngå i eit team som saman skal levere tenester og produkt til kundar til rett tid og med rett kvalitet, samstundes som den biologiske prosessen går 24 timar i døgnet, 365 dagar i året.
Anlegget skal no bemannast med 3 fagoperatørar. Operatørane vil rapportere til driftssjef, men vil òg få støtte frå andre funksjonar i BIR Ressurs. Arbeidstid vil normalt vere dagarbeid. Alle tilsette på anlegget må rekna med å delta i vaktordning.
Fagoperatør elektro/automasjon
Fagoperatør elektro/automasjon vil få ansvar for oppfølging av det elektriske anlegget med automasjon og IT. Stillinga inngår òg som ein del av teamet som skal drifte anlegget sin prosess. Stillinga inneber difor òg ein vesentleg del av arbeidet utanfor det elektrofaglege.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Inngå i operatørteamet og følgje opp dagleg produksjon
- Operasjon av utstyr, bemanna kontrollrom ved behov
- Teknikar for elektrisk anlegg, automasjon og IT. Følgja opp vedlikehald og leverandørar
- Registrera, gjennomføra og ferdigstilla arbeidsordrar i vedlikehaldssystem
- Orden og reinhald i samarbeid med resten av teamet
- Delta i kontinuerleg forbetring av prosessar ved aktiv bruk av kvalitetssystem og HMS-rutinar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev elektro/automasjon eller andre relevante fag er ynskjeleg
- Erfaring med drift og vedlikehald av elektriske anlegg
- Erfaring frå drift av prosessanlegg
- Erfaring med bruk av vedlikehaldssystem
- Truckførarbevis klasse C1 er ynskjeleg
- Meistrar norsk og engelsk munnleg og skriftleg
Vi kan tilby
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit trivleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Gode velferdsordningar, bedriftshelsetjeneste og pensjons- og forsikringsordningar
- Vera med på å utvikla eit heilt nytt anlegg.
Søknader vert vurderte fortløpande
For ytterlegare informasjon ta kontakt med driftsjef Øyvind Birkeland på telefon: 901 26 396 eller e-post: oyvind.birkeland at bir.no
Publisert 10. april 2025