Bransjestemmer
Kirsti Solheim, senioringeniør og nasjonal koordinator for ATEX i Arbeidstilsynet.

Fiskeensilasje er eksplosjonsfarleg!

Sommaren 2023 omkom ein arbeidstakar medan han utførte arbeid i oppdrettsnæringa. Ein arbeidsplass har mista ein kollega. Familie og vener har mista ein dei har kjær.

I 2022 døydde det 27 personar medan dei var på jobb. Statistisk sentralbyrå sine tal viser at 22 000 arbeidstakarar vert skadde kvart år. Dagleg oppstår det forhold på jobb der arbeidstakararar kunne vorte skadde, det som ofte vert kalla nestenuhell, uønskt hending, flaks, englevakt… Kor store desse tala er, kan vi berre spekulere i.

Denne kronikken fokuserer på fiskeensilasje og erfaringar Arbeidstilsynet har gjort seg gjennom tilsyn og oppfølging av ulukker i oppdrettsnæring og biogassproduksjon. Utfordringane som vert tatt opp, gjeld for alle former organisk materiale, slikt som fiskeavskjær frå fiskeforedlingsindustrien, gjødsel frå jordbruket, ensilasje i form av grovfòr til husdyr (silo) med meir.

Kort om ensilasje

Når dyre- eller plantemateriale har gått gjennom ei enzymatisk nedbryting får ein det som vert kalla ensilasje. Ved ensilering vert det biologiske materialet tilsett syre for å gjere massen lagringsstabil over tid.

Ute på oppdrettsanlegga vert død fisk samla opp, kverna og tilsett syre (oftast maursyre). Ensilasjen vert lagra på tank til han vert henta og levert til produksjon av mellom anna fiskeolje og fiskemjøl, eller som råstoff i biogassproduksjon. Fiskeensilasje er altså ei form for konservering av ressursen som ligg i død fisk, som så kan nyttas vidare i verdikjeda.

For å få eit best mogeleg produkt, er det viktig at råstoffet (fisken) er godt kverna og blanda saman slik at heile massen har ein jamn pH (3,5 – 4,0). Bein forbrukar meir syre enn blautdelane av fisken, og ein må difor jamleg kontrollere pH på massen.

Farar og risiko

Kan død fisk eller fiskeslam vere eksplosjonsfarleg?

Eit godt sluttprodukt stiller krav til tilstrekkeleg finmaling av fisken og rett forhold mellom fiskmasse og syre. Dersom kverneprosessen er for dårleg, eller forholdet syre/fiskemasse blir feil, kan det oppstå ideelle forhold for anaerobe mikroorganismar. Desse treng ikkje oksygen for å leve, og dei produserer gassar som hydrogensulfid og metan som følgje av råtneprosess.

Eit typisk ensileringsanlegg er sett saman av kvern, syretank, lagertank, pumper, rørsystem og ev. røreverk. Kvern og rørsystem er som oftast utført i syrefast stål. Tanken kan vere syrefast eller av komposittmateriale. Pumper er oftast ikkje syrefaste.

Når anlegget vert tømt, vert det gjerne reingjort med sjøvatn, som også inneheld biologisk materiale. Det vert gjerne tilsett syre for å hindre oppblomstring av mikroorganismar. Utfordringa då kan vere at syra reagerer med anleggsdelar som ikkje er syrefast/av kompositt/glasfiber. Når syre reagerer med svartstål, vert det danna hydrogengass.

Både metan, hydrogensulfid og definitivt hydrogengass er svært brennbare og krev lite tennenergi for å ta fyr.

I juni 2022 oppstod det varmgang i ei ensilasjepumpe. I pumperommet vart det målt konsentrasjonar av både hydrogensulfid og CO-gass (som også er eksplosiv). I 2019 oppstod det eksplosjon i samband med lossing av ensilasje til tank på biogassanlegg. I 2017 gjekk ein ensilajsetank på land rett og slett i lufta i samband med vedlikehald og varmt arbeid. Slik kan vi halde fram, og dette er berre dei tilfella vi veit om!

Når Arbeidstilsynet er ute på tilsyn i bransjar der det vert produsert eller nytta ensilasje, høyrer vi arbeidstakarar som fortel at det «puffar» titt og ofte i samband med oppstart av anlegg som har stått ei stund. Heldigvis oppstår det sjeldan alvorleg skade på menneske eller materiell. Men kor mange gonger går det bra, før det til slutt går gale?

Har verksemdene god nok kunnskap og kjennskap til eksplosjonsfare og tennkjeldekontroll?

Erfaringane viser at fiskeensilasje ER eksplosjonsfarleg, og tiltak MÅ settast i verk!

Både arbeidsgjevar og produsent/leverandør har ansvar

Arbeidsgjevar har krav på seg om å sikre eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø. Desse krava er regulert i fleire lover og forskrifter.

Eksplosjonsvern er i Noreg regulert gjennom forskrift om helse og sikkerhet i eksplosjonsfarlige atmosfærer (brukarforskrifta med kommentarar) og forskrift om utstyr mv. til bruk i eksplosjonsfarlige områder (utstyrsforskrifta). For meir informasjon, sjå også Eksplosjonsfarlig atmosfære (ATEX) (arbeidstilsynet.no)

Målet med brukarforskrifta er å verne arbeidstakarar og andre personar, samt materielle verdiar mot farar som følgjer av eksplosiv atmosfære. For å oppnå dette, må arbeidsgjevar gjere risikovurderingar og sette i verk tiltak av både teknisk og organisatorisk art.

Målet med utstyrsforskrifta er å sikre at produsent, importør og leverandør sørgjer for at alt utstyr som vert sett ut på marknaden, og som er tenkt brukt i eksplosjonsfarleg område, oppfyller grunnleggande helse, miljø og tryggleikskrav.

Tryggleik og tiltak

Fyrst og fremst må arbeidsgjevar gjennomføre ei heiltheitleg risikovurdering med fokus på eksplosjonsfare. Det vil seie at alle arbeids- og produksjonsprosessar må vurderast, inklusiv vedlikehald, reinhald, planlagde stopp, føreseielege feil eller feilbruk, reparasjon og endringar.

Figuren skal hjelpe til med å vise gangen i risikovurderinga, og tek opp i seg fleire av bestemmelsane i brukarforskrifta.

Arbeidsgjevar må også vurdere om det finst områder i verksemda der det kan oppstå eksplosiv atmosfære. I desse sonene må de sette i verk naudsynte tiltak for å førebygge eksplosjonar. Tiltak skal vere av både teknisk og organisatorisk art. Tekniske tiltak kan til dømes vere utforming av anlegg, tennkjeldekontroll, sonekontroll og liknande. Organisatoriske tiltak er opplæring av arbeidstakarar og andre som utfører arbeid på anlegget, samt system og rutinar.

Vi presiserer at de kan ikkje risikovurdere dykk vekk frå ei sone. Med dette meiner vi at de ikkje kan bruke tiltak som til dømes ventilasjon for å unngå å soneklassifisere eit område der det elles kan oppstå eksplosiv atmosfære. Kan de i så fall vere sikre på at de har tennkjeldekontroll dersom ventilasjonssystemet sviktar?

Arbeid med eksplosjonsvern stiller krav til kompetanse hos den som skal gjennomføre risikovurderingar, soneklassifiseringar, tiltak og opplæring. Mange verksemder kjøper slike tenester. Då er det viktig at de er tett på prosessane, slik at de opparbeider kunnskap samt stiller spørsmål til vurderingane som vert gjort. Det er de som kjenner anlegget dykkar, og det er de som skal jobbe vidare med førebygging. Og hugs på kravet om arbeidstillatelse i tilfeller der de skal utføre arbeid i eksplosjonsfarleg område!

Oppfølging av verksemdene sitt arbeid med eksplosjonsvern

Biletet viser elektrisk installasjon i område der det kan danne seg hydrogensulfid-gass. Her er utstyr utført i svartstål, og vi ser aluminiumsstige som står i eit miljø der syre vert nytta. Kva risikovurderingar er gjort?

Forskriftene innan eksplosjonsvern i landbasert industri (inkl. oppdrettsnæringa og biogassnæringa) vert følgt opp av Arbeidstilsynet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Begge myndigheiter har gjennom tilsyn med eksplosjonsvern (ATEX) erfart at verksemdene har vanskar med å forstå krava som ligg i brukarforskrifta. Vi har difor utarbeidd kommentarar/rettleiing til dei ulike bestemmelsane. Desse finn de på Arbeidstilsynet og DSB sine nettsider.

Dei to siste åra har Arbeidstilsynet registrert 22 hendingar der det har oppstått eksplosjonar på ulike arbeidsplassar i Noreg (alle typar eksplosjonar omfatta av brukarforskrifta). I desse hendingane har 14 personar vorte skadde, og 1 person har omkomme. Dette er høgare tal enn vi kan leve med.

Framover vil vi ha eit auka fokus på å følgje opp verksemdene sitt arbeid med eksplosjonsvern, gjennom rettleiing og tilsyn. Vi vil også følgje opp at produsentar og leverandørar av ensilasjeanlegg etterlever krav dei er pålagt.

Vi har alle det same målet; At alle arbeidstakarar skal komme like trygt og heile heim att til middag. Kvar dag!

Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

Siste nytt fra Biogassbransjen.no
Nyheter fra Small Step Media nettverket
Kommersielle partnere
Redo
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.