Bransjestemmer
Leder i Naturvernforbundet Truls Gulowsen. Foto: Naturvernforbundet.

Demokratisk underskott i Enova

Naturvernforbundet har vore positiv til etableringa av Enova SF, og vi er i utgangspunkt positive til biogass som energkjelde. Støtte frå Energifondet til energisparetiltak er eit viktig verkemiddel for å utløyse det store potensialet for energieffektivisering og energisparing i Noreg. Enova har i aukande grad fått som oppgåve å støtte utvikling av teknologiar som er meint å redusere utslepp av klimagassar. Diverre har dette ført til at støtte til energisparing har kome i skuggen. Vi ser óg at føretaket fattar vedtak som burde vore gjenstand for ein grundigare samfunnsdebatt.

Enova er organisert som eit statsføretak og ikkje eit direktorat. Hadde Enova vore eit direktorat, kunne avgjerda bli klaga inn for departementet. Vi har nokre døme på at vi ikkje er samd i vedtak fatta av Enova. Utan å kunne klage er moglegheita for å påverke langt mindre.

Enova får tildelt midlar og fullmakter gjennom en eigen avtale mellom Klima- og miljødepartementet (KLD) og Enova. På den måten fratar KLD seg moglegheita til å gripe inn så lenge Enova held seg til avtala.

Naturvernforbundet har engasjert seg i ei sak i Ullensvang kommune i Vestland, om bygging av eit biogassanlegg i Tryglavik. Konflikten står mellom urørt strandsone og nærheit til eit naturreservat mot biogass og industri.

Her kan det verke som om Enova slit med å følgje sitt eige regelverk. Kommunen har i ei årrekke vore pådrivar for etableringa biogassanlegget, som skal omdanna storfegjødsel og avfall frå oppdrettsindustrien til energi. Naturvernforbundet er positiv til ideen om energiproduksjon frå avfall, men er skeptisk til lokaliseringa av anlegget og den kommunale/demokratiske prosessen i forkant.

Ullensvang kommune kunngjorde i starten av desember 2022 at dei vil ha innspel til arbeidet med å legge til rette for biogassanlegget. To veker seinare annonserte Enova at dei løyver 30,3 millionar kroner til anlegget, og her oppstår konflikten i saka.

Naturvernforbundet tolkar Enova sine retningslinjer slik at alle demokratiske prosessar må vere avslutta før Enova trør inn i saka. Vi er difor sterkt kritiske til Enova sitt engasjement i Tryglavik. Vi ynskjer at departementet vurderer om Enova har neglisjert regelverket og korleis KLD kan få Enova til å følgje sitt eige regelverk.

Dersom ein aktør i ei kommunal sak bidreg med store pengesummar, før dei demokratiske prosessane er avslutta, vil det alltid prege utfallet av saka. I små kommunar er 30 millionar kroner ein betydeleg sum, som kan flytte det demokratiske fleirtalet. Arbeidsplassar og pengar er to sider av same sak og som ofte står mot naturverdiar. I små samfunn som Odda og Jondal er dette enno tydelegare og ofte diskutert.

Naturvernforbundet meiner Enova bør vente med å gi tilskot til dei demokratiske prosessane er avslutta. Enova si rolle har gjort det enklare for biogassaktøren å etablere seg og dermed øydelegge verdifull strandsone og natur. Dette kan neppe vere intensjonen med Enova og den grøne omstillinga, men i Tryglavik er realiteten at statsføretaket Enova forserer naturkrisa.

Vi oppmodar Enova til å stille strengare miljøkrav, og biogassaktørane i Tryglavik til å sjå på lokaliseringsalternativa i regionen på nytt. Vi løyser ikkje klimakrisa ved å bygga ned natur.

Relaterte artikler
Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

Siste nytt fra Biogassbransjen.no
Nyheter fra Small Step Media nettverket
Kommersielle partnere
Redo
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.