Nyheter
STRØM: Når vannkraft står for over 90 prosent av den norske kraftproduksjonen, vil biogass kunne bli en viktig del av den norske energimiksen? Foto: Matt Wiebe/Flickr

Vil ha nasjonal energiplan

KRONIKK: Biogass kan bidra til å fjerne ein del av behovet for elektrisk kraft til erstatning av fossil energi i fleire næringer, meiner Norges Naturvernforbund.

KRONIKK/DEBATT

Følg og delta i debatt om energi. Biogassbransjen.no tar imot debattinnlegg og kronikker. Send din kronikk til redaksjonen@biogassbransjen.no.

Tidlegare var samfunnsoppdraget til kraftselskapa å skaffe nok energi, og dei gjekk ofte i spissen for energieffektivisering. I dag er det nesten berre kva dei tener på kraftsal som er styrande.

Dei er gjerne bakpå når det gjeld energieffektivisering, men frampå for tiltak som kan auke prisen på kraft, eksport av kraft, og å byggje fleire kraftverk. Men kraftselskapa skal ikkje ha heile skulda for situasjonen. Her er det snakk om politisk vilje og styring når det gjeld framtida for norsk energipolitikk, og samfunnet totalt.

Dei fleste vil vera einige om følgjande mål for energi:

1. Energieffektiv drift i heile samfunnet.

2. Ikkje misbruk energi.

3. Unngå å byggje ned natur.

4. Prioritere energi til viktige samfunnsformål.

5. Bruke rett type energi til ulike formål.

I praksis blir dessverre lite av dette lagt til grunn.

Meir penger til ny energi enn til mindre

I 2013 var det snakk om at Noreg skulle følgje EUs direktiv for energieffektivisering, men Energi Norge, kraftselskapas organisasjon, gjekk mot, då redusert energibruk kunne føre til overskot av kraft og låg elpris. I 2019 gjekk dei på nytt mot EUs mål for energieffektivisering. Noreg, som elles er raske til å følgje EUs direktiv, har enno ikkje godteke direktivet frå 2012. Regjeringa har lovd ti terawattimer (TWh) mindre energi i bygg i 2030, men heller ikkje i statsbudsjettet for 2021 kan ein finne reelle tiltak for dette. Enova bruker i stadig meir av dei store pengane på tiltak for ny energi, i staden for tiltak for mindre energibruk, sjølv om tallause rapportar viser enorme tal for frigjering av elektrisk kraft – dersom ein satsar på det.

KUGASS: Kubæsj er nå blitt en del av det nasjonale gass-nettverket i Storbritannia. Foto: Steve p2008/Flickr

Kraftselskapa, som er engstelege for energieffektivisering, jobbar for å kunne selje meir energi til store datasentre. Trønderenergi, NTE og Eidsiva vil ha fiberkabel frå Irland for å få datasentre i Midt-Noreg, BKK vil ha sentre i Vestland, mens Statkraft og Energi Norge drøymer om enorme, kraftslukande datasentre over heile landet. Statnett hadde allereie i 2019 fått spørsmål om 60 TWh kraft til datasentre, opp mot halvparten av dagens norske elproduksjon.

Leggja oss flate for dataindustrien?

Energi til unyttig i produksjon av bitcoin og annan kryptovaluta får redusert elavgift på linje med energi til prosessindustriens hjørnesteinsbedrifter. Bør vi leggja oss flate for dataindustriens hemningslause energibruk, og halda fram med å subsidiere denne? Skal all dataindustri automatisk få ja når dei vil ha kraft?

LES MER: Biogass på Kalberg er ingen god idé

Mens kraftselskapa snakkar ned potensialet for energieffektivisering, går dei samtidig i spissen for å byggje fleire kraftverk, og legg stort sett systematisk alle vindkraftverka i inngrepsfri natur. I tillegg snakkar stadig fleire politikarar om å bygge meir vasskraft, også i verna vassdrag. Den store nasjonale motstanden mot å rasere naturen med vindkraft kan forhåpentlegvis stanse dei fleste planane, men vi må også halda fast på vern av vassdraga. Gjennom verkeleg satsing på energieffektivisering får vi frigjort nok elkraft til å erstatte fossil energi utan nye kraftverk, men då blir det mindre å tene for kraftselskapa.

Auka krafteksport gir høgare priser

Statnett har rekna med auka kraftpris når Englands-kabelen og Tysklands-kabelen kjem i drift. Kabelen til Skottland (Northconnect) er sett på vent, men om den kjem, går prisen ytterlegare opp. Det blir hevda at krafteksport gjennom kablane gir mindre utslepp av COi Europa, ein tvilsam påstand, ut ifrå korleis EUs kvotesystem fungerer. Viktigare er det at auka kraftpris set framtida på spel for norske kraftforedlande hjørnesteinsbedrifter, som ligg i verdstoppen med låge utslepp av CO2. Til beste for arbeidsplassar og klimaet, bør krafta bli prioritert til dette, framfor krafteksport og bitcoin. Fleire utanlandskablar får kraftprisen opp, og aukar presset for bygging av meir vindkraft.

Biogass til industri

Det er veldig bra med elektrisk drift av bilar, fjerning av oljefyr og liknande, men til nokre tiltak kan ein stille spørsmål. Håvard Wollan, direktør ved Biokraft, hevdar at Noreg kan produsere 11–13 TWh biogass frå avfallBiogass kan drifte skip og fly, og vera råstoff i industrien. Dette kan bidra til å fjerne ein del av behovet for elektrisk kraft til erstatning av fossil energi. Det er bra med elektrifisering, men vi må bruke den elektrisiteten vi har, med fornuft. Vi kan også spørja om når vi får lyntog mellom dei store byane, som kan erstatte ein god del fly- og vegtrafikk, og dermed redusere energibehovet.

Det trengst ein nasjonal plan for kva som skal bli prioritert, energieffektivisering og rett energibruk, eller berre å pøse på med ny (og naturskadeleg) kraft. Debatten om dette bør bli sentral.

Som eit første tiltak, bør Noreg etablere eit forpliktande system som premierer tiltak for redusert energibruk, slik det er i bruk i 15 europeiske land, med mange gode resultat. Vi foreslo slike «kvite sertifikat» allereie i 2011.

Relaterte artikler
Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

Siste nytt fra Biogassbransjen.no
Nyheter fra Small Step Media nettverket
Kommersielle partnere
Redo
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.