Bransjestemmer
Ordfører Bjørn Nordskog, Kviteseid kommune. Foto: Kviteseid kommune.

Me stiller spørsmål til prosessen Enova har gjennomført

I ei pressemelding 7.januar 2022 sender Enova ut ein melding om at framtidig utbygging av fyllestasjonar for biogass skal overlatast til marknaden og kommersielle vilkår. I same melding står det at det er fortsatt mogleg å søkje om støtte innan ein siste frist 15.februar 2022.

Til fristen kom det inn 29 søknadar. Av desse er det 14 stadar som har fått støtte. Vidare utbygging av fyllestasjonar for biogass skal skje utan Enova støtte.

Kviteseid kommune stiller spørsmål til sjølve prosessen som Enova har gjennomført. I utlysingsteksten var det ingen vilkår til søknaden med tanke på korleis tildelinga skulle skje. I ettertid er det kjent at Enova har gjennomført tildelinga etter lågaste søknadsbeløp og ikkje etter kvalitet og innhald i søknaden. Enova sin ambisjon var å få flest mogleg fyllestasjonar spreidd utover landet ved minst bruk av Enova sine økonomiske midlar.

Resultatet av tildelinga har blitt:

  • Det er tre leverandørar som har blitt tildela der ein leverandør har fått sju av fjorten stasjonar. Det vil bety ein monopolisering og favorisering som gjer at marknaden for andre leverandørar vil bli vanskeleg sidan dei må bygge utan økonomisk støtte frå Enova.
  • Sidan det var leverandørar som leverte inn søknadar med lågast behov for økonomisk støtte som fekk tildeling, vil det bli bygt biogassfyllestasjonar med bare flytande biogass som er det rimelegaste alternativet. Det betyr at ein ikkje får dekt behovet for køyretøy som brukar komprimera biogass.

Tildelinga i Vest-Telemark er eit godt eksempel. Det vart levera to søknadar der den eine bare skal bygge stasjon for flytande biogass medan den andre vil bygge for både flytande og komprimera. Derfor treng den stasjonen med bare flytande biogass mindre støtte frå Enova og får tildelinga. Resultatet blir ein stasjon som ikkje dekker opp behovet for den lokale transporten. Eksempel på dette er det interkommunale renovasjonsselskapet som kan bruke komprimatorbilar og sorteringsmaskiner på komprimert biogass, men som då ikkje får tilgang til det. Fylkeskommunen har vedtatt at kollektivtransporten skal vera fossilfri og har fleire bussar som går på komprimert biogass. Det betyr i praksis at Vest- Telemark ikkje vil bli ein del av denne satsinga, fordi Enova sin politikk ikkje tok omsyn til innhaldet i stasjonane, bare beløpet på den økonomiske støtta.

Avsluttingsvis så er Kviteseid kommune tvilande til at marknaden sjølv vil klare å etablere raskt nok fleire biogassfyllestasjonar utan offentleg støtte. Resultatet vil bli som ein ser innan EL-lading, det er stadane som ligg sentralt som etableringa skjer medan utkantane ikkje får eit tilbod utan kommunalt engasjement.

Kronikken er tidligere publisert i Vest-Telemark blad

Relaterte artikler
Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

Siste nytt fra Biogassbransjen.no
Nyheter fra Small Step Media nettverket
Kommersielle partnere
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.